SOGNEFJORD EVENT

KVEN ER ME?


Erlend Fardal Lunde

+47 464 28 741
erlend@sognefjord-event.no

Erlend har arbeida som leiar nær heile arbeidslivet og har brei erfaring frå logistikk, detaljplanlegging og gjennomføring av arrangement.

I Sogndal er Erlend kjent som mellom anna tidlegare hotellsjef på Quality Hotel Sogndal og ein av dei yngste hotelldirektørane i landet i si tid, etter periodar i Sandnessjøen og Bergen.

Erlend har vore primus motor for etableringa av Fjørarock i 2023, som har bana veg for etableringa av Sognefjord Event. Erlend held også føredrag og tek oppdrag som konferansier.


Geir-Inge Heggestad

+47 480 06 162
geir-inge@sognefjord-event.no

Geir-Inge er eit kjent ansikt i Sogndal og har gjennom snart 20 år vore ansvarleg for å byggja ulike publikumsopplevingar på og rundt Fosshaugane Campus i OBOS-ligaen og Eliteserien.

Gjennom sin jobb i Sogndal Fotball har han óg bygd seg opp erfaring med ansvar for store arrangement som turneringsleiar for Lerum Cup og Kiwi Bama Cup. I tillegg ansvarleg for planlegging og logistikk på bedifts- og sponsorturar i inn- og utland.

Evigunge Heggestad har underholdt på lokale revy- og showscener i 20 år, samt vore innleigd på bedriftsevent og mellom anna som toastmaster i bryllaup.


Tor Talle

+47 928 93 432
tor@sognefjord-event.no

Tor har brei erfaring frå ungdomsarbeid, musikkproduksjon og kulturarrangement som konsertar, festivalar og events. Han har lang fartstid som musikar, komponist og produsent.

Gjennom mange år har Tor vore ansvarleg for planlegging og gjennomføring av UKM for Sogndal og Luster kommune. I tillegg har Tor hatt sentrale rollar i festivalar som Fjørarock, Påskerock på Leikanger og Fjordrock med fleire.

Tor har elles ein imponerande bakgrunn innan musikkproduksjon, og er i tillegg til å vera ein dyktig musikar også ein talentfull komponist og anerkjent låtskrivar. Tor er best kjent for sitt arbeid med prosjekt som “Northern Light”, “Memoria Avenue” og “Skyscraper”.

Tor kan syne til samarbeid med mellom andre Joe Lynn Turner frå Deep Purple og Rainbow, Tony Mills frå TNT og Shy, og norske artistar som Eva Weel Skram, Tone Damli og Åshild Mundal.