DJ IZZY

DJ

DJ og utstyr

DJ IZZY

Pris frå kroner 6.500 for fire timar.

Pris frå kroner 12.000 for fire timar med fullt utstyr og rigg.

Endeleg pris avklarast ut frå omfang på oppdraget.

Reise, overnatting og eventuell mva kjem i tillegg.

Mauricio Toro, kjent som DJ IZZY er ein Open-format DJ frå Chile med base i Bergen, Norge. Kjent for å blande sør-amerikanske lydar med eit breitt spekter av andre sjangrar.

DJ IZZY spelar både hiphop, RNB old school klassikarar og dei nyaste låtane, og er godt kjent i Bergens uteliv sidan sin første spelejobb i 2015 på Klubb KOK. Der vart han seinare resident DJ for Klubb NATT, og var med på å utforma eit nytt musikkonsept.

DJ IZZY har spelt på ulike arrangementar og spelar på dei fleste uteplassane i Bergen.

I løpet av dei siste åra har DJ IZZY fått ei stor interesse for sjangrane Afrobeat og Amapiano, noko som har gitt han stor kunnskap innanfor desse områda. Takka være sin lidenskap for musikk, har DJ IZZY fått spelejobbar rundt om i Norge som blant anna i Oslo, Kristiansand, Sogndal, Høyanger og Lærdal.

I løpet av sin DJ karriere har DJ IZZY samarbeida med ei rekke artistar/musikarar som, Omar Noir, Galexy, Skaterboy Rico,  Imyoung, Laurent, CCA Jonas, Checkk, P-flow, Kidd Iann, Ducky Hunnid, Ricky Major og Mabira.

DJ IZZY er ein person med god energi som likar å spele for alle slags mennesker, og skapar god stemning uansett lokasjon.

Neste
Neste

HIT STATION