Erlend Fardal Lunde

Foredragsholdar og konferansier

Leiarskap og arbeidsglede

Pris for foredrag frå kroner 15.000.
Konferansieroppdrag etter avtale.

Reise, overnatting og mva kjem i tillegg.

Erlend har erfaring som konferansier på personalsamlingar og kommersielle konferansar. Her under standard intro og ekstro, kombinert med panelsamtalar og eigne refleksjonar undervegs. For Erlend er det viktig at ein har ei felles forståing for kva som er viktig på ditt arrangement slik at han kan halde i den raude tråden og skapa ei best mogleg ramme.

Erlend skapte si eiga karriere frå resepsjonist til direktør etter at han ved ein tilfeldigheit hamna i hotellbransjen i 2009. Foredraga tek deg med på ei reise i tid frå ambisiøs ungdom utan retning til å verta ein av landets yngste hotelldirektørar. Foredraga er meint å inspirera og utvikla deg uavhengig av ditt nivå, frå arbeidsledig til leiar:

Leiarskap i praksis

Korleis leiarkvardagen faktisk er kan ein ikkje læra seg gjennom teorien, den må opplevast, følast og erfarast! Leiarskapet ditt formast av alle erfaringar du tek med deg frå din første dag på jobb som leiar. Det er ein stor feil å tru at ein kan alt når ein startar på sitt leiarskap. Dette foredraget tek for seg korleis den praktiske leiarkvardagen er og tek sikte på å læra deg det du ikkje finn i teorien. Leiarskap i praksis skal gi deg som ny eller erfaren leiar dei verktøya du treng, samt kanskje inspirera deg som vil bli leiar!

Tilfeldigheitane som formar ei karriere

Det er ikkje mogleg å detaljplanlegga livet, men det er likevel mogleg å setja seg sjølv i posisjonar slik at tilfeldiheitene peikar din veg. Erlend sin historie frå vidaregåande skule, via sjukemelding i eit halvt år og vegen frå resepsjonist til direktør utan utdanning skal bidra til å motivera og inspirera andre. Foredraget er gjennomført utallige gonger for NAV sine kontor i Bergen og har bidrege til å gi motivasjonen tilbake til dei som treng den mest.

* Begge foredraga kan tilpassast din tid og dine behov knytt til emne med meir.

Forrige
Forrige

Geir Bjarte Hjetland