Samarbeid med Hill Events

Sognefjord Event og Hill Events har inngått eit samarbeid som gjer at me kan presentere fire komikarar i underhaldningskatalogen vår.

Frå og med i dag kan du booke Pål Rønelv, Kjetil Melkevik, Raymond Falldalen og Kevin Kildal her på sognefjord-event.no. Gå til stand-up i underhaldningskatalogen for å lese meir om komikarane. Avhengig av tilgjengelegheit kan dei bookast til ararngement ditt eller som ein del av totalleveranse frå Sognefjord Event.

Tidlegare har eit Fjøra Pub, som er tilknytta styreleiar Erlend Fardal Lunde, gjennomført klubbkveldar saman med Hill Events. Me har også tett dialog om ulike fellesarrangement i framtida.

Me gler oss til eit fruktbart samarbeid med Gunnhild og Hill Events vidare.

Besøk gjerne websida til Hill Events.

Neste
Neste

Bedriftssamling i Dyrdal