Bedriftssamling i Dyrdal

På oppdrag for Statnett leverte Sognefjord Event avdelingssamling for 44 av deira tilsette i Sogndal og Sogn. Destinasjonen var vakre Dyrdal i Nærøyfjorden.

Sognefjord Event ønskjer å skapa minneverdige augeblikk for dei som samarbeidar med oss, og me har ein visjon om å gjera Sogn hyggelegare. Oppdraget for Statnett var detaljplanlagt med båt tur/retur Sogndal - Dyrdal, matservering ombord på båten, grillbuffet og servering i Dyrdal kombinert med historieforteljing og guiding frå fastbuande Arild Magnar Dyrdal.

Med på prosjektet har me hatt med oss Erle Fjøsne Skartun som kokk og ansvarleg for meny/grillbuffet, Ellevilt som leverandør av mat på båten, Fjord X på båttransport, Arild Magnar Dyrdal som eigar og guide i Dyrdal. Som aperitiff hadde me med oss edle lokale dråper frå Odelsgut på Fimreite. Frå oss har Erlend Fardal Lunde vore prosjektleiar frå start til slutt og Victor Aguiar deltok på arrangementsteamet på dagen.

Takk for oppdraget, Statnett!

Sognefjord Event går no i gong med å skreddarsy bookbare opplevingar til Dyrdal, men du kan sjølvsagt kontakte oss på post@sognefjord-event.no før dei vert gjert tilgjengelge for booking.

Me takkar Sognekraft for oppdraget og gratulerar nok ein gong med den store dagen!

Forrige
Forrige

Samarbeid med Hill Events

Neste
Neste

Opning av Leikanger kraftverk