Dj Peter

DJ

DJ og utstyr

Dj Peter - Juan Pedro Perez Ramos

Pris frå kroner 6.500 for fire timar.

Andre oppdrag - pris etter avtale

Reise, overnatting og mva kjem i tillegg.

Juan Pedro Perez Ramos er oppvaksen på sødre Tenerife, og flytta til Noreg i 2007. Sidan då har han saman med kone og to born veksla på å bu i Noreg og på Tenerife, men sidan 2019 er Juan fast etablert i Sogndal. 

Dj Peter har meir enn 20 års fartstid som DJ, hovudsakleg innan sjangrar som underground og elektronisk musikk. Han har spelt på ei rekke arrangement på klubbar rundt sødre Tenerife. Med full jobb og fast tilhaldsstad i Sogndal er speleaktiviteten redusert til digitale sessions, eller events i vintermånadane når han ferierer på Tenerife, sist på Tramps Tenerife - Kings of Clubs, Playa Las Américas sitt med emblematiske diskotek. 

I 2010 grunnla han "Sello Canario”, eit “DJ-kollektiv” bestående av eit tosifra tal DJ-ar, som også arrangerte events på rundt omkring på øya. Sjølv om Dj Peter i ei årrekke har hatt fast tilhaldsstad i Sogndal, er Sello Canario i høgste grad aktiv, og har mange følgarar både i Spania og i Storbritannia. 

Som platesamlar med nær 2500 plater er Dj Peter - El Mago er ein av få DJ-ar som den dag i dag foretrekk å mikse musikk med vinylplater framfor digitale platespelarar. Tilnamnet “Magikaren” fekk han tidleg for sin leikne spelestil og trylling med musikksjangrar

Tenester

  • Live musikk til festivalar, diskotek, utdrikkingslag, bedriftssamankomstar, private arrangement m.m.

Musikkstilar

Musikkstil tilpassast publikum sine ynskje. Pop, disko, dance, latin, rock. 

Dj Peter´s musikalske preferansar:

  • Progressive 

  • Breakbeat / Hardcore Uk 

  • House 

  • Trance 

  • Jungle 

  • Drum & Bass

Musikkutstyr

  • Technics SL 1210 mk7  x2 

  • Pioneer DJM Nexus 900 (mixer)

  • Technics SL 1210M3D x2 

  • Allen & Heath Xone: PX5 (mixer)

Forrige
Forrige

The Bruuds

Neste
Neste

Victor Aguiar