Victor Aguiar

Mat og drikke ekspert, arrangement planleggjar

Victor Aguiar

Pris etter avtale og omfang.

Bartenderkurs frå kroner 5.000, drikkevarer ikkje inkludert.

Reise, overnatting og mva kjem i tillegg.

Treng du hjelp til å gjere ditt neste arrangement til ein suksess? Victor tilbyr skreddersydde aktivitetar til utdrikningslag, planlegging og gjennomføring av ditt drømmebryllaup eller bursdagsfeiring, eller vi kan være totalleverandør til din neste firmafest. Victor Aguiar har erfaringa du treng!

Victor har omfattande erfaring frå reiselivsbransjen gjennom ulike stillingar i hotell- og restaurant. Han har ein solid fagleg bakgrunn med fagbrev i hotell- og restaurantleiing. Gjennom sin karriere har Victor opparbeidd seg brei erfaring i bransjen, med arbeid frå Madeira, Portugal til Bergen og Sogndal.

I løpet av mange år har Victor spesialisert seg på planlegging og gjennomføring av både små og store arrangement.

Til dagleg arbeider Victor som reiseutviklar, med fokus på reisemål både innanlands og utanlands.

Bartenderkurs:

Er du ute etter å styrkja dine tilsette si kompetanse innan restaurant- og barbransjen? Victor deler sin ekspertise og erfaring i å mikse drinkar, og tilbyr skreddarsydde kurs for både nybegynnarar og erfarne.

Hovmester:

Victor fungerer som ein erfaren hovmester som sikrar ein smidig gjennomføring av arrangement, og sørger for at alt går på skinner.

Planlegging og gjennomføring av arrangement

Victor og resten av Sognefjord Event-teamet tek ansvar for alle aspekt av arrangementet, frå val av lokasjon og drikkevarer til dekor og gjestehandtering, og sikrar at kvart arrangement blir ein suksess.

Forrige
Forrige

Dj Peter

Neste
Neste

Dj Trym