Dj Trym
DJ og utstyr
DJ Trym
Pris frå kroner 7.500 på bedriftsoppdrag og events.
Pris frå kroner 5.500 for private oppdrag
Dj Trym er totalleverandør og pris er inklusive utstyr (lyd/lys). Endeleg pris avklarast ut frå omfang på oppdraget.
Reise, overnatting og mva kjem i tillegg.
DJ Trym, Trym Sva Ramstad, er ein ung “up and coming” DJ frå Kaupanger. Trym er total-leverandør, det betyr at han leverer utsyr (lys og lyd), bemanning, transport og dj-tjenester.
Trym har bakgrunn frå duo og har også spelt inn fleire sangar. Han starta sin DJ-karriere på den lokale ungdomsklubben. Frå januar 2023 og fram til i dag har han nær 100 oppdarg i nærmiljøet. Ein forrykande karriere for ein ung og lovande musikkgründer.
DJ Trym har spelt for Meieriet, VEKAO-festivalen, Fjøra Pub, Sognefjord hotell, Sogndal Kommune, Luster kommune, Eikum hotell, Walaker hotell, Funkygine sin treningsturne i Sogn og Fjordane og har vore/er fast leverandør for russen ved Sogndal VGS. Brei erfaring kjem frå ungdomsfestar, russefestar, nokre større bedriftsfestar, bryllaup, privatfestar for alle aldrar.
På djtrym.no ser du også anmeldelsar.