Me gjer Sogn hyggelegare!
Totalleverandør av arrangement
Sognefjord Event er ein totalleverandør av arrangement. Spisskompetansen vår er bedriftsarrangement der me detaljplanlegg alt frå ansattsamlingar til store opningsfester etter dine ønskjer. Me utviklar også eigne festivalar og arrangement, som Påskerock og Fjørarock.
Sognefjord Event samarbeidar med nokre av dei beste innanfor sitt fagfelt i regionen. Me har med oss Ellevilt på mat, Øyre Lyd på teknisk produksjon og Teltservicegruppa på utstyr. Dette gjer at me kan tilby ein unik totalpakke til eitkvart arrangement.
Du forheld deg til oss - me fiksar resten!
Prosjektleiar
For at arrangementet ditt skal vera mest mogleg rigga for suksess er det ein avgjerande faktor at nokon veit kva som trengs.
Som prosjektleiar har Erlend Fardal Lunde med seg lang erfaring frå hotellbransjen. For Sognefjord Event har han mellom anna hatt ansvar for store oppdrag for Sognekraft, Lerum og Digitalieringsdirektoratet.